Ferieboliger • Rom • Camping • Kafé • Selskapslokaler • Aktiviteter
Kapasitet: restaurant 80 personar, overnatting 60 senger
Vil du kome til Flørli utanom sommaren?
Då kan du bestille ein FjordRetreat (minimum to netter)
Flørli er ei veglaus grend du kun kan kome til med båt eller til fots. Flørli er mest kjend for sine 4444 trappetrinn langs røyrgata opp Troppekosnuten – verdas lengste tretrapp. Grenda er óg populær for si vasskrafthistorie – i den gamle kraftstasjonen kan du besøke utstillinga med historier frå anleggsperioden samt nyte ein rimeleg og god middag med kaffe og noko attåt i kaféen.
Flørli er ein jordnær og herleg plass. Det er óg ein base for flotte friluftsopplevingar. Vakn opp til ein speilblank fjord på ein sval sommars dag. Kjenn fjord brisen i ansiktet mens du padler kajakk langs bratte sva. Føl det kribler i magen når du ser ned trappa med bygda og ferja langt der nede. Les deg opp om den fascinerande historien til bygda i utstillingen eller ved å bli med på bygdevandring. Alltid noko å glede seg over i Flørli – kom og oppdag det for deg sjølv!
Sommar 2024 – det skjer i Flørli!
Å gjera: 4444 Trappetrinn • + fleire andre turstiar • Guidede Bygdevandringer • Historisk Utstilling • Kano og Kajakk • Stamp på kaien • Les våre anbefalingar for eit tre-dagars opphald!
Bu på Flørli: leilegheit frå 4490 kr per helg, to-persons rom frå 2190 kr per helg – bestill her!
Prisgaranti ved tinging på vår heimeside.
Få din rabattkode her og bruk den i bestillingsprosessen på www.beds24.com/book-florli
Tips og nyttig
• Med eigen båt til Flørli:
gratis fortøyning ved 80m lang fritidsbrygge. Ti fortøyningsbøyer. Legg båten i bøyene for å unngå skader i tilfelle ferjer eller cruisebåtar kjem. Brygga har varierande djupne – sjekk før du legg til. Båtar over 50 fot kan legge til gamle kaia som er ei djupvasskai.
• Kjapp ettermiddagstur til Flørli:
ein sprek trappetur og så heim igjen er mogleg året rundt kvar fredag og sundag. Ta Kolumbus ferja frå Lauvvik kai kl13:55 eller Forsand kai kl14:00. Du har 3:15 timar for turen, i sportsleg tempo med få pauser er det nok. Så går ferja tilbake kl18:00, ankomst Lauvvik kl18:50. Du treng bil for å komme deg til Lauvvik eller Forsand – gratis parkering på kaiene der.
• Dagstur med turistbåter:
fleire operatørar tilbyr turistruter til Flørli om sommaren. Avgangene er dyrare enn Kolumbus ferja, men til gjengjeld er det greie avgangstider og Rødne tar deg direkte fra Stavanger sentrum. Les meir om tilkomst.
• Romantisk overnatting:
vil du overraske din partner anbefalar me ein herleg natt i Radiobua Mini-Suite. Dette er óg ein flott gåve til familie eller eit vennepar. Du kan tinge gåvekort tilsendt i posten her. Rimelegare dating kan du få om du bestiller ein romantisk piknik kurv – ta kontakt, så lager vi den!
• Ta med dine kolleger.
I Flørli er det enkel standard overnatting til 60 personer. Vi har 20 rom fordelt over ulike hus. Vi har fleire møterom og kan tilby mykje god mat i vår koselege kafé. Ta kontakt så fikser vi noko! Les meir om tilbod for grupper.
• Tre dagar i Flørli:
det er mange ting å finne på i Flørli, sjølv etter at du har gått trappeturen. Les våre anbefalingar for eit tre-dagars opphald!
Ferieboliger • Rom • Camping • Kafé • Selskapslokaler • Aktiviteter
Kapasitet: restaurant 80 personar, overnatting 60 senger
Vil du kome til Flørli utanom sommaren?
Då kan du bestille ein FjordRetreat (minimum to netter)
Flørli er ei veglaus grend du kun kan reise til med båt eller til fots. Flørli er mest kjend for sine 4444 trappetrinn langs røyrgata opp Troppekosnuten – verdas lengste tretrapp. Grenda er óg populær for si vasskrafthistorie – i den gamle kraftstasjonen kan du besøke utstillinga med historier frå anleggsperioden samt nyte ein rimeleg og god middag med kaffe og noko attåt i kaféen. Overnatte kan du i rom eller feriehus med nydeleg utsikt over Lysefjorden. Camping er også mulig på sletta ved fjorden. Alltid noko å glede seg over i Flørli – kom og oppdag det for deg sjølv!
Sommar 2024 – det skjer i Flørli!
Å gjera: 4444 Trappetrinn • + fleire andre turstiar • Guidede Bygdevandringer • Historisk Utstilling • Kano og Kajakk • Stamp på kaien • Les våre anbefalingar for eit tre-dagars opphald!
Bu på Flørli: leilegheit frå 4490 kr per helg, to-persons rom frå 2190 kr per helg – bestill her!
Prisgaranti ved tinging på vår heimeside.
Åpningstider 2024
Med egen båt til Flørli?
Få din rabattkode her og bruk den i bestillingsprosessen på www.beds24.com/book-florli